Fleire parti diggar denne klimaløysinga. NB! Dette stoffet blir «knust» til små partikler og blandet i mixen som sprayes fra fly (Coal Ash). Mao chemtrail! DET kan dokumenteres!

HVOR I SVARTE FÅR NRK ALL DENNE SVADAEN I FRA?

Ordet biokol blir ofte nemnt når politiske parti snakkar om korleis me skal kutta i CO2-utsleppa. Men kva er det eigentleg?

Dette stoffet brennes og asken blir blandet med grunnstoffer(metaller samt svovel) og kalles coal ash som brukes til spraying fra fly. Se videoer tatt ved Stryken høsten 2020.

NRK har gått gjennom partia sine politiske program, for å sjå korleis dei vil få til eit grønt skifte.

Eitt ord som går igjen er biokol.

Både Senterpartiet, Venstre, Sosialistisk Venstreparti og Raudt er parti som nemner biokol som ein del av løysinga i programma sine.

Dette skriv dei ulike partia om biokol

Senterpartiet:

  • Senterpariet vil styrka arbeidet for auka karbonlagring i jord og skog. Det bør stimulerast til aktiv skogdrift, auka bruk av fangvekstar og biokol. Verkemiddel som styrkar etablering av sirkulære verdikjeder ved bruk av biokol, bør prioriterast
  • Satsing på bioenergi må utviklast vidare med tanke på både lønsemd og marknadsmoglegheiter. Biokol kan bidra til utsleppsreduksjonar i landbruket gjennom jordforbetring, men kan òg nyttast på andre område. Senterpartiet meiner staten må bidra til at det vert utvikla verdikjeder for produksjon og bruk av biogass og biokol. Både husdyrgjødsel, treavfall, fiskeavfall og anna avfall vil vera interessant som grunnlag for biogassproduksjon. Her trengst eit samspel mellom mange aktørar for å setja i gang prosjekt og bygga lønsam produksjon.
  • Senterpariet vil etablera eit grønt investeringsselskap med minimum 10 mrd. kroner i kapital for utvikling av – og strategiske investeringar i – norske bedrifter som baserer seg på grønt karbon som t.d. biogass og biokol, og dessutan andre bedrifter som satsar på bioenergi eller biobaserte materiale.

Venstre:

  • Vi vil halvere matsvinnet i Norge innen 2030 og legge til rette for at restprodukter kan brukes som blant annet dyrefôr, biodrivstoff, biokull eller gjødsel. Det må bli lettere og mer lønnsomt å gi bort enn å kaste mat.
  • Vi vil etablere flere produksjonsanlegg for biokull, slik at Norge kan lede denne utviklingen. Biokull er et restprodukt som kan blandes i jord og dermed lagre karbon. Dette er en naturlig form for karbonfangst, -bruk og -lagring.

Sosialistisk venstreparti:

  • SV vil auke tilskota og forskingsmidlane til karbonlagring, til dømes til restaurering av myr, produksjon og bruk av biokol, bruk av fangvekstar og drenering.

Raudt:

  • Raudt vil støtte prosjekt for produksjon av biokol av skogavfall.

Men kva er eigentleg biokol?

Biokol forklart

Ei kjapp spørjeundersøking på gata syner at det er få veljarar som veit.

Men nokon tar ein sjanse og tippar at det «har noko med biologisk kol å gjera». Og at det «sikkert er bra for miljøet».

Dette er langt på veg rett. Men i videoen nedanfor får du ei litt betre forklaring på kva det faktisk er.

Greia er altså at tre og planter bind CO2. Men når dei blir brotne ned så blir denne CO2-en frigjort. Ved å laga biokol av tre og plantar før dei er brotne ned, så unngår ein at mykje av denne CO2-en går opp i lufta igjen.

Det er dette ein kallar for negativt utslepp. Ein fangar opp CO2 før den når atmosfæren, og lagrar han.

Brøkdel av totalutsleppet

Tanken er at biokol skal brukast for å få meir fruktbar jord i landbruket. Og metallindustrien kan bruka det som energikjelde i staden for kol.

Men ein er framleis heilt i startgropa.

Det første biokolanlegget som blei sett i drift i Noreg ligg i Sandnes. Her produserer dei nå om lag 100 tonn biokol i året. Planen er at dette skal aukast til 500 tonn.

Du finn liknande anlegg i Telemark og Innlandet.

Men kor mykje har dette eigentleg å seia?

Med 500 tonn biokol tar ein om lag 1500 tonn CO2 ut av lufta, og plasserer ned i jorda. Dette er ikkje all verda.

I alle fall om ein samanliknar med det årlege norske utsleppet på 50 millionar tonn CO2.

Biokolanlegget på Vatne i Sandnes.FOTO: INGVALD NORDMARK / NRK

– Avgjerande for industrien

Likevel, miljøorganisasjonen Zero meiner at biokol er viktig. Og at politikarane bør prioritera det.

– Den største fordelen med biokol er at det kan bidra til å realisera utsleppskutt og negative utslepp i landbruk og industri. Ulempa er at det finst få økonomiske incentiver for bruk. Derfor må politikken bidra til å stimulera til at me bygg opp nye berekraftige verdikjeder, seier fagansvarleg for industri i Zero, Anne Marit Post-Melbye.Kva meiner partia om:Klimakutt?Gå til Partiguiden

For den norske industrien meiner ho at biokol er ei avgjerande klimaløysing.

– Me har ein stor metallindustri som ikkje har andre fornybare alternativ til fossilt kol. Saman med karbonfangst og -lagring, kan biokol også bidra til negative utslepp i industrien.

Blandar ho inn i jorda

I tillegg til å binda opp COblir jorda betre å dyrka i når ein blandar biokol inn, seier klimasjef i Sandnes, Arne Jørgensen.

– Spesielt i marginal og skrinn jord så får me gode resultat ved å tilføra biokol, seier Jørgensen.

Prosjektleiar Arne Jørgensen i Sandnes kommune sjekkar ein sekk med biokol, produsert i kommunen. Biokolet blandar kommunen i komposten.FOTO: INGVALD NORDMARK

Dette er også ein av grunnane til at Senterpartiet har tru på biokol. Dei vier meir plass enn noko anna parti til biokol i partiprogrammet sitt.

– Dersom me kan investera i biokol i stor skala, trur eg bønder her kan vera ganske positive, seier Lisa Marie Ness Klungland, andrekandidat i Rogaland Sp.

Ein god neve biokol.FOTO: VEGARD LILLEÅS / NRK

Legg igjen en kommentar