Felles løft for Oslofjorden. Et bestillingsverk fra regjeringen 30.03 2021

Nyheit | Dato: 30.03.2021.

Regjeringa ønsker at Oslofjorden skal vere rein, rik på liv og tilgjengeleg for alle. No legg regjeringa fram ein heilskapleg tiltaksplan for Oslofjorden med regjeringa sine viktigaste prioriteringar for å gjere miljøtilstanden i Oslofjorden betre.

Miljøet i Oslofjorden er truga. Torskebestanden er på eit historisk lågt nivå. Ærfugl døyr. Tareskogen og ålegrasengene blir mindre. Miljøgifter gjer at vi ikkje bør ete fisk og skalldyr frå delar av fjorden. Marin forsøpling og mikroplast er eit alvorleg miljøproblem.

Samordna innsats på tvers av kommunar, næringar og samfunnssektorar er naudsynt for å nå målet om ein rein og rik Oslofjord.

– Vi kan ikkje sjå på at fjorden som betyr så mykje både for menneske og dyr, er sjuk. No må vi handle for å gjere Oslofjorden frisk. Difor legg Regjeringa fram ein plan med tiltak som til dømes vil bidra til å auke torskebestanden, gi ærfuglane gode leveområde og legge til rette for friluftsliv for alle, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Eit felles råd for Oslofjorden

I den heilskaplege tiltaksplanen for Oslofjorden blir det lagt vekt på å samordne, supplere og forsterke alt det positive som skjer for å ta vare på miljøet i og ved Oslofjorden.

– Eg vil etablere eit Oslofjordråd der eg saman med ordførarane og fylkesordførarane vil sjå til at tiltaka blir gjennomført slik planen legg til grunn. No er det naudsynt at alle som brukar og er glad i Oslofjorden, drar i same retning for å få fjorden på rett kjøl, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

1,6 millionar menneske bur rundt Oslofjorden. Oslofjorden er òg eit viktig reisemål for turistar, særleg om sommaren. Tiltaka i planen vil gjere fjorden meir attraktiv og verdfull for dei fastbuande, for dei tilreisande og ikkje minst for sjølve miljøtilstanden i fjorden.

Nye tiltak

Det er stor bredde på tiltaka i planen. Dei fokuserer på å redusere utslepp av organisk materiale og næringssalt frå kommunalt avløp og avløp frå spreidd busetting. Dei skal bidra til å redusere avrenning frå jordbruksareal, og dei skal bidra til å redusere tilførsle av miljøgifter, marin forsøpling og mikroplast. Tiltaka i planen skal òg bidra til å ta vare på, restaurere og forvalte naturmangfald og kulturminne på ein berekraftig måte. Alle skal kunne utøve eit aktivt friluftsliv, og strandsona må bli meir tilgjengeleg for alle.

Nærings- og fiskeridepartementet vil vurdere nærare reguleringa av trålaktivitet på bakgrunn av ny kunnskap, så som rapporten Krafttak for Kysttorsk og Frisk Oslofjord, i forbindelse med evalueringa av gjeldande tiltak for kysttorsk i Oslofjorden i 2022.

Å revidere forskrifta om gjødselvarer, etablere minst eit freda område for hummar i kvar kommune og opne vegfyllingar som hindrar vatn utskifting t.d. i utlaupet av Glomma, etablere eit naturinformasjonssenter for Oslofjorden og kartlegge gytebekker for sjøaure, og finne fram til tiltak som vil betre bestanden av sjøaure, er døme på konkrete tiltak som vil bidra til å betre miljøtilstanden i Oslofjorden.

Forurensning

Tema

Miljøgifter og farlig avfall er alvorlige trusler mot kommende generasjoners helse, mot miljøet og mot den fremtidige matforsyningen. Derfor skal vi jobbe for et giftfritt miljø.

Sirkulær økonomi

Norge skal være et foregangsland i utviklingen av en grønn, sirkulær økonomi som utnytter ressursene bedre. I løpet av 2020 legger regjeringen fram en nasjonal strategi om sirkulær økonomi.

Avfall

Avfall er ikkje først og fremst søppel. Det er ein ressurs. Gjennom ombruk og attvinning av materiale kan avfall nyttast som råstoff for nye produkt og tenester. Samtidig skal avfallet gjere minst mogleg skade på menneske og naturmiljø.

Marin forsøpling og mikroplast -Plastforurensning

Marin forsøpling og spredning av mikroplast er et raskt økende og svært alvorlig globalt miljøproblem. Plastavfall på avveie utgjør det største problemet, særlig fordi det brytes så langsomt ned.

Klima

Tema

Norges forsterkede klimamål er å redusere utslippene med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent sammenlignet med 1990-nivå innen 2030.

2030.Klima- og miljødepartementetKlimaendringer og norsk klimapolitikk

Norges forsterkede klimamål er å redusere utslippene med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent sammenlignet med 1990-nivå.

Klima- og skogsatsingen

Det norske klima- og skogprosjektet er et av våre viktigste bidrag i kampen mot klimaendringer.

Det grønne skiftet

Den grønne skiftet handler om hvordan Norge skal bli et lavutslippsland innen 2050. For å få til dette må vi omstille oss til et samfunn hvor vekst og utvikling skjer innenfor naturens tålegrenser.

Relaterte tema og innsikt

Legg igjen en kommentar